Kirkenes-Bjørnevatnbanen, òg kalla Sydvarangerbanen, er ein rundt 9 km lang malmbane som tidlegare tilhøyrte A/S Sydvaranger. Den vart lagt ned i 1996, men som eit ledd i gjenopninga av gruvene på Bjørnevatn vart banen gjenopna i 2009.Drift i gruva fra 2009 | www.finnmarken.no I dag er det det australske gruveselkapet Northern Iron som eig banen. Ombygginga var klar våren 2009 og drifta tok til i september. Banen var verdas nordlegaste jernbane, til Obskaja–Bovanenkovobanen vart opna i 2010.

Det har heilt sidan Sovjetunionen fall vore planar om å bygge jenbanelinje vidare frå Kirkenes til Russland.http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/troms_og_finnmark/1.3885589 Jernbane-optimisme i Kirkeneshttp://www.nrk.no/nyheter/distrikt/troms_og_finnmark/1.1783591 «Njet» til jernbane til Kirkenes Det er òg snakk om mogleg bygging av jernbane frå Kirkenes til det finske nettet ved Rovaniemi.http://www.nordlys.no/nyheter/article4562681.ece Tog Kirkenes – Rovaniemi? Kirkenes–Bjørnevatnbanen har normalspor, så dersom sjølve linja som blir brukt av malmtoga skal nyttast, må den og gruveselskapet sine lokomotiv og vogner tilpassast finsk-russisk sporvidde.

Linjekart

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kirkenes–Bjørnevatnbanen» frå , den 9. mai 2013.

Referansar

Litteratur

Kategori:Jarnbanestrekningar i Finnmark Kategori:Jarnbanestrekningar opna i 1910 Kategori:1910 i Noreg Kategori:Jarnbanestrekningar i Noreg berre brukt av godstog Kategori:Samferdsle i Sør-Varanger Kategori:Byggverk i Sør-Varanger