Franco Causio () er ein tidlegare fotballspelar frå Lecce i Italia. Han var midtbanespelar på Italia sitt landslag som vann finalekampen under VM i fotball 1982, i alt spela han 63 landskampar for Italia. Causio spela mange sesongar i Juventus, der han fekk med seg åtte meisterskapstriumfar, mellom andre siger i UEFA-cupen, og over 300 seriekampar. Han fekk tilnamnet «Baronen».
Aktiv Klubbspel Causio kom som 17-åring til Juventus, men klarte ikkje å spele seg inn på laget. Han spela då frå 1968 ein sesong i kvar av Serie B-klubbane Reggina og Palermo. År 1970 kom han tilbake og vart ein del i Juventus sitt storlag, saman med spelarar som Roberto Bettega, Marco Tardelli, Dino Zoff, Gaetano Scirea og Antonio Cabrini. Klubben vann seks italienske seriemeisterskap og UEFA-cupen i den perioden Causio var knytt til Juventus.
År 1981 gjekk Causio til Udinese, der han spela fram til 1984 og var lagkamerat med den brasilianske landslagsspelaren Zico. Etter ein sesong i Inter gjekk han sommaren 1985 over til klubben frå heimbyen Lecce, som då deltok i Serie A for aller fyrste gong. Causio heldt fram to sesongar på Serie B-nivå med Triestina, og var 39-år gammal då han la fotballskoa på hylla.
Landslagsspel Causio spela 63 landskampar og skåra seks mål for Italia mellom 1972 og 1983. Han var med i tre VM-turneringar; 1974, 1978 og 1982. Saman med Paolo Rossi og Roberto Bettega danna Causio eitt av dei av beste angrepa då Italia kom på fjerdeplassen i VM-turneringa 1978.
Under VM 1982 spela Causio ein av dei innleiande kampane. Sidan kom han ikkje på bana før enn i sluttminuttane av VM-finalen, då Italia leia 3-1 over Vest-Tyskland og landslagstrenaren Enzo Bearzot gjorde han den æra å få vere med å sikre VM-tittelen for Italia.
Causio spela sin 63. og siste landskamp i februar 1983 mot Kypros, EM-kvalfiseringskampen i Limassol enda 1-1. Han skåra i alt seks landslagsmål.
Merittar VM-gull 1982 for Italia VM-firar 1978 for Italia EM-firar 1980 for Italia Vinnar av UEFA-cupen 1977 med Juventus Italiensk seriemeister 1972, 1973, 1975, 1977, 1978 og 1981 med Juventus Italiensk cupmeister 1979 med Juventus
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Franco Causio» frå , den 10. mai 2013.
Bakgrunnsstoff FIGC.IT
Kategori:Italienske fotballspelarar Kategori:Inter-spelarar Kategori:Juventus-spelarar Kategori:Lecce-spelarar Kategori:Palermo-spelarar Kategori:Reggina-spelarar Kategori:Triestina-spelarar Kategori:Udinese-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1974 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1978 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1982