Lierbanen er ein nedlagt privat sidebane til Drammenbanen som gjekk frå Lier til Svangstrand ved Tyrifjorden. Den vart opna 12. juli 1904. Person- og godstrafikken vart innstilt 23. oktober 1932, men strekninga Lier-Tronstad Bruk vart frå 1934 til ut 1936 leigd ut som bruksbane til Tronstad Bruk. Banen vart endeleg nedlagt 1. januar 1937. Banen hadde ei sporvidde på 1,067 meter og hadde åtte stasjonar. To av stasjonsbygningane står framleis (Utengen og Svangstrand). Frå Svangstrand ved Holsfjorden var det mogleg å reise vidare med dampskip til Sundvollen.

Det meste av den gamle traséen er no veg og har mellom Renskaug og Landfallenga med namnet «Linjeveien» og mellom Egge og Tronstad med namnet «Baneveien».

Linjekart

Kjeder Denne artikkelen bygger på «Lierbanen» frå , den 10. mai 2013.

Lier kommune om Lierbanen Nebysamlingene om Lierbanen Norsk Jernbaneklubbs stasjonsdatabase om Lierbanen

Bakgrunnsstoff En reise med Lierbanen anno 1910

Kategori:Nedlagde jarnbanestrekningar i Noreg Kategori:Jarnbanestrekningar i Buskerud Kategori:Jarnbanestrekningar opna i 1904 Kategori:Jarnbanestrekningar nedlagde i 1937 Kategori:Samferdsle i Lier Kategori:1904 i Noreg Kategori:1937 i Noreg