Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1909 vart vunnen av Lyn etter finalesiger 4-3 (etter ekstraomgangar) over Odd den 26. september. 4000 tilskodarar såg kampen som vart spelt på Gamle Frogner stadion i Kristiania.Dette var andre gong Lyn vann ein noregsmeisterskap.www.rsssf.com og Hardy Grüne: Enzyklopädie der europäischen Fußballvereine. AGON Sportverlag, Kassel 1999. ISBN 3-89784-163-0
Dommare var Kristian Wiese (1. omgang) og Thorvald Torgersen (2. omgang), begge frå Akademisk Fotballklub. Byttet skuldast at Odd protesterte då Lyn gjekk opp i 2-0 i byrjinga av andre omgang. Odd meinte det var offside og forlet straks banen i protest. Omgangen vart starta om att med ny dommar.Ettertanker frå en som har sett Lyn vinne syv cupfinalar i VG (31.10.1967)
Lyns vinnarlag: August Heiberg Kahrs, Ola Thygesen, Paul Due, Henrik Nordby, Erling Lorck, Hjalmar Syversen, Alf Paus, Knut Heyerdahl-Larsen, Victor Nysted, Rolf Maartmann, Erling Maartmann.
Odds lag: Thostrup Rødseth, Peder Henriksen, Henry Pettersen, A. Fredriksen, M. Lund, E. Pedersen, Otto Olsen, Berthold Pettersen, Bjarne Gulbrandsen, T. Lie, Henry Reinholdt.
1. runde 18. september Fredrikstad – Lyn, Gjøvik 4-2 (i Sarpsborg) Odd – Ulf, Drammen 2-0 (i Porsgrunn)
Semifinalar 25. september Lyn – Fredrikstad 9-2 Odd – Trondhjems Teknikere 2-0
Finale 26. september Lyn – Odd 4-3 e.e.o.
Kjelder
1909 Kategori:Fotball i Noreg i 1909 Fotball for herrar