Daniel Mojsov () er ein makedonsk fotballspelar som mellom annaspelar frå .

Karriere Etter å ha starta karrieren med FK Tikveš, spelte han med FK Makedonija Gjorče Petrov og FK Vardar i Den makedonske Eliteserien før han drog til FK Vojvodina.

Makedonija Det var i sesongen 2006-2007 at han debuterte i den makedonske eliteserien for FK Makedonija Gjorče Petrov etter å ha kome hit frå FK Tikveš. Han gjorde raskt eit godt inntrykk i troppen og sesongen etter vart han ein nøkkelspelar for det ambisiøse laget. Med 28 kampar for laget og to mål, vart han teke ut på landslaget, berre 20 år gammal. Han fortsette å spele godt sesongen etter, i 2008-2009, då FK Makedonija tok sin første og til no einaste meisterskap.Daniel Mojsov på MacedonianFootball Som viktig forsvarsspelar var Daniel Mojsov ein av dei store bidragsytarane for laget, og klubben var det laget i serien som sleppte inn færrast mål, berre 15 mål på 30 kampar.

Vardar Året etter, i 2009-2010 hadde FK Makedonija store vanskar og vart kasta ut av ligaen. Trass i vanskane synte Daniel Mojsov seg framleis i toppform og i vinterpausen ønskte den serbiske klubben FK Vojvodina å hente han. Men på grunn av byråkratiske problem måtte Mojsov vente til sommaren før han kunne dra til den nye klubben. I mellomtida vart han verande heimlandet og spelte resten av sesongen for FK Vardar.

Vojvodina Sommaren 2010 drog Mojsov til FK Vojvodina. Her spelte mellom anna òg landslagskollegaen Mario Gjurovski. I den første sesongen, 2010-2011, spelte han 21 kampar i den serbiske SuperLigaDaniel Mojsov på Srbijafudbal og vart igjen ei viktig brikke i forsvarsrekkja. Vojvodina tok ein tredjeplass i serien og nådde cupfinalen i den serbiske cupen der Mojsov scora det einaste målet til laget. Eit anna mål av Mojsov i same kampen vart annulert.Partizan pobednik Kupa på FSS official website Cupfinalen vart avbroten etter 82 minuttar (resultatet var då 2-1 til Partizan) då Vojvodina nekta å halde fram å spele og dei forlet banen i protest mot fleire dommaravgjerslar under kampen. Som følgje av dette var Partizan gjeve sigeren 3-0.

Mot slutten av sesongen vart Daniel Mojsov tekne ut på årets lag for SuperLiga i lag med den montenegrinske spelaren Stefan Savić på Partizan (i dag i Fiorentina) som dei to beste midtstopparane.JSL izabran najbolji tim at B92.net Sommaren 2011 var Mojsov ein av dei mest ettertrakta spelarane frå serbisk SuperLiga med stor interesse frå både heimlege og utanlandske klubbar, men etter mange overgangsspekulasjonar vart Mojsov verande i Vojvodina for sesongen 2011-2012.

Brann I mai 2013 vart det kjent at Mojsov skreiv under ein toårskontrakt med . Han byrjar i Brann 15. juli og erstattar Zsolt Korcsmár som samstundes forlet klubben.

Landslag Daniel Mojsov spelte på U21-landslaget til MakedoniaDaniel Mojsov på Transfermarkt då han debuterte for som innbyttar i ein venskapskamp mot den 19. november 2008. Sidan den gong har Mojsov spelt fast på landslaget.

Prisar Klubb Makedonija G. P. Seriemeister 2008-2009

Vojvodina Sølv i den serbiske cupen

Individuelt Årets lag i Serbia 2010-2011

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Daniel Mojsov» frå , den 15. mai 2013. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Profil på Macedonian Football (engelsk) Statistikk for Daniel Mojsov på Utakmica.rs

Kategori:Folk frå Kavadarci Kategori:Makedonske fotballspelarar Kategori:Makedonske landslagspelarar Kategori:Makedonske fotballspelarar i Noreg Kategori:Forsvarsspelarar i fotball Kategori:Makedonija-spelarar Kategori:Vardar-spelarar Kategori:Vojvodina-spelarar Kategori:Brann-spelarar