Seglvik er ei veglaus bygd i Kvænangen kommune i Troms. Bygda ligg på austsida av Kvænangsfjorden, om lag 119 km sjøveg aust-nordaust for Tromsø. Seglvika ligg om lag to km sør for fylkesgrensa mot Finnmark og har kort veg til Lopphavet. Bygda har i dag snøggbåt-samband med kommunesenteret i Kvænangen og med Skjervøy, i tidlegare tider var Seglvika stoppestad for dampskipsruter.Seglvik Vel i Kvænangen kommune

Bygda er i dag bustad for fleire personar, som fiskarar, og verksemda Valhalla Orca Expedition , som driv kvalsafari med spekkhoggarar.

Seglvik har kaianlegg for hurtigbåtar, og driftar dette på vegner av Seglvik og nabobygda Andsnes, som ligg i Loppa kommune. Dette kaianlegget var eit fellesprosjekt mellom Loppa og Kvænangen kommune, då vêrforholdea i Andsnes var for stormfulle vinterstid til at ein kunne skipa eit kaianlegg der.

Anders Larsen var frå Seglvik.

Fotnotar

Kjelder Norsk Allkunnebok. IX. Bandet. 1960

Kategori:Bygder i Finnmark Kategori:Geografi i Kvænangen