Aasta Hansteen-feltet er eit gassfelt som ligg 300 km vest for Kunna i Meløy. Feltet er bygd ut med eit prosessanlegg på ei flytande såkalla spar-plattform, den største i sitt slag i verda.
Gassfeltet omfattar fire nærliggande funn, det første var opphavleg kjent som funnet Luva,Om namna Luva, Haklang og Snøfrid, sjå artikkel om Harald Hårfagre i Norsk biografisk leksikon i brønn 6707/10-1 i 1997, dei andre vart kalla Haklang, Snefrid sørGassfunn i Norskehavet - 6707/10-2 S Oljedirektoratet 16. oktober 2008 og Snefrid nord.Sokkelåret 2015 - Leting Oljedirektoratet 14. januar 2016 Havdjupna i området er på 1270 m. Produksjonen skulle etter den opphavlege planen starte i 2016, men oppstarten vart utsett til seint i 2018. Dei totale investeringane i feltet var budsjetterte til meir enn 34 milliardar kroner. Gassen blir ført til Nyhamna på øya Gossa i Aukra kommune i Møre og Romsdal fylke, gjennom røyrledningen Polarled. Byggekostnadene var for sjølve røyret var ca. 6,5 milliardar kroner.Statoil overleverer Polarled-rørledningen til Gassco Equinor.com 4. mai 2017 I tillegg har anlegget på terminalen blitt oppgradert til å ta imot gassen.
Aasta Hansteen-feltet får forsyningar frå basen i Sandnessjøen og helikoptertransporten skjer frå Brønnøysund.
Målaren, nynorskforfattarenEli Bjørhusdal, Språkrådet Ein nynorsk pioner Henta 30. juni 2018 og kvinnesakskvinna Aasta Hansteen.Regjeringa.no har gjeve namn til feltet.
Kjelder Fakta-side hos Oljedirektoratet Kunnskapsparken, Bodø, Delrapport 1: Innledende studie, Ringvirkninger i utbyggingsfasen, Aasta Hansteen og Polarled, 22. mars 2015
Referansar
Kategori:Olje- og gassfelt i Norskehavet Kategori:Norske olje- og gassfelt