Ullensaker/Kisa Idrettslag, ofte forkorta Ull/Kisa, er eit idrettslag som driv med fotball, handball, friidrett og innebandy. Idrettslaget held til på Jessheim i Ullensaker kommune, og vart grunnlagd 16. desember 1894.

Fotballaget til Ullensaker/Kisa spelar denne sesongen i . Noverande hovudtrenar er .

A-laget til Ull/Kisa spelar med gul overtrøye og grøn shorts med gule strømper. Dei har lenge hatt som mål om å rykke opp i Adeccoligaen. Klubben har gode lag i aldersbestemte klassar og gjer eit godt arbeid med unge, lovande fotballspelarar.

Historie Ullensaker Skiklubb vart stifta 16. desember 1894, men ein fotballklubb såg ikkje dagens lys før 13 år seinare, i 1907. Denne vart etter kvart nedlagt, men fekk ein arvtakar i 1916. I 1921 vart Ski- og fotballklubbane ein del av den nye samanslåinga Jessheim Turn & IF, som same år kjøpte området der dagens idrettspark ligg. Sju år seinare, i 1928, vart namnet endra til Ullensaker IL, og i 1945 til Ullensaker AIL. Kisa IF var stifta i 1923 og bygde bane på Holmsletta ved Gystad i 1932. Klubbane slo seg saman i 1947, og i 1951 vart det lagt gras på Jessheim Stadion. 1 august 2011 opna Ull/Kisa sitt nye stadion på Gystadmarka, aust for Jessheim sentrum.

28. mai 2009 stod Ull/Kisa for årets cupbombe då dei i 2. runde slo Sandefjord Fotball 1-0. Målet vart scora av Mats Jarnbjo etter 61. minutt, på eitt langskot. I 3. runde vart Vålerenga Fotball for sterke, og Ull/Kisa tapte til slutt 3-5 på Ullevaal Stadion. Eirik Soltvedt scora alle måla for Ull/Kisa.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ullensaker/Kisa Idrettslag» frå , den 29. mai 2013.

Bakgrunnsstoff

Ny stadion: Klart for ny idrettsby Søk på stikkordet «Ull/Kisa» i regionavisa Romerikes Blads nettarkiv

Kategori:Idrettslag i Akershus Kategori:Idrettslag skipa i 1894 Kategori:Fotballag i Akershus Kategori:Fotballag skipa i 1894 Kategori:Idrett i Ullensaker