Alessandro Salvadore (), betre kjend som Sandro Salvadore, var ein italiensk fotballspelar frå Milano i Lombardia. Gjennom 16 år spela han for dei to italienske storklubbane, høvesvis AC Milan og Juventus, der han var med å vinne fire italienske seriemeisterskap og eitt cupgull. Forsvarsspelaren Salvadore spela 403 seriekampar, alle i Serie A, og skåra 10 mål. Han spela 36 landskampar for Italia og vart europameister i 1968.

Klubbspel Salvadore debuterte for AC Milan hausten 1958, men det skulle gå to år før han fekk plass på fyrstelaget til klubben i heimbyen. Etter han i 1962 hadde vore med å sikre seriemeisterskapen for Milan, vart han straks etter overført til Juventus. Han etablerte seg snart som libero på laget, som vann det italienske cupgullet i 1965. Juventus vann så seriemeistertittelen i 1967, men toppen for Salvadore kom fyrst ut på 1970-talet. Både i 1972 og -73 vann klubben Serie A. I den sistnemnde sesongen nådde Juventus, med Salvadore som kaptein, også finalen i Europacupen. Men der vart det tap mot storlaget til Ajax Amsterdam. Salvadore la opp i 1974, og vart erstatta av Gaetano Scirea i rolla som libero for Juventus.

Landslagsspel Mellom desember 1960 og februar 1970 spela Salvadore 36 landskampar fot Italia. Både i 1962 og 1966 deltok han i VM i fotball, utan større suksess. I 1968 var han ein av dei spelarane som kom inn på laget til den andre finalekampen i EM i fotball. Kampen mot Jugoslavia fann stad på Stadio Olimpico i Roma, og enda med 2-0-siger til Italia. Salvadore fekk aldri nettkjenning for landslaget.

Merittar EM-gull 1968 for Italia Sølv i Europacupen 1973 med Juventus Italiensk seriemeister 1962 med Milan Italiensk seriemeister 1967, 1972 og 1973 med Juventus Italiensk cupmeister 1965 med Juventus

Salvadore døydde i Costigliole d’Asti i regionen Piemonte.

Bakgrunnsstoff Sandro Salvadore Weltfussball.de Sandro Salvadore Enciclopediadelcalcio.it

Kategori:Italienske fotballspelarar Kategori:Juventus-spelarar Kategori:Milan-spelarar Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 1960 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1962 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1966