mini|Teikning av Juno ved Jupiter
Juno er ein soldriven NASA-sonde i bane kring Jupiter. Han vart skoten opp frå Cape Canaveral 5. august 2011 og gjekk inn i bane kring Jupiter 5. juli 2016 norsk tid.NASA's Juno Spacecraft in Orbit Around Mighty Jupiter - NASA Han er den fyrste jupitersonden til å nytta solsellepanel og går i ein særs elliptisk polbane.
Instrument
Juno ber med seg desse instrumenta og utrøyningane:
eit forskingssystem for gravitasjon og radio (Gravity Science) eit radiometer som kan observera på seks ulike mikrobylgjelengder for å sjå inn i atmosfæren og finna ut kva han er sett saman av (MWR) eit vektormagnetometer (MAG) detektorar for plasma og energiske partiklar (JADE og JEDI) ei radio/plasma-bylgjeutrøyning eit ultrafiolett kamera og spektrometer (UVS) eit infraraudt kamera og spektrometer (JIRAM) eit fargekamera kalla JunoCam som vil gje ålmenta det fyrste detaljerte synet av polane til Jupiter
Kjelder
«Spacecraft and Instruments» - NASA
Kategori:Jupitersondar