Grefsen stadion er ein fotballstadion som ligg i grenseområdet mellom Grefsen og Kjelsås i bydel Nordre Aker i Oslo, og er heimebanen til Kjelsås Fotball.

Stadionet har ein kapasitet på 4 500 tilskodarar, der 500 er sitjeplassar. Tilskodarrekorden er på kring 5000 frå 16. september 1944, mellom og . Dette var ein illegal kamp på grunn av idrettsstreiken som pågjekk under andre verdskrigen.Grfsen stadion på stadionsiden.com

I nyare tid er rekorden 3295 i kampen mellom Kjelsås og Kongsvinger under kvalifiseringa til Tippeligaen i 1998. I 1945 vart tredje runde i cupen mellom og spelt her føre 3000 tilskodarar. Kampen enda 1–1.

Galleri

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Grefsen stadion» frå , den 4. juni 2013.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fotballstadion i Oslo Kategori:Bydel Nordre Aker