Johan Fredrik Wilhelm Schlegel () var ein dansk jurist. Han vart professor i juss allereie i 1789. Schlegel var rektor for universitetet i København i tre periodar (1803-4, 1812-13 og 1828-29).

Han var son av professor Johan Heinrich Schlegel. Han kom frå ein svært lærd og språkmektig familie der han fekk grundig undervisning. Mora skal snakka fransk med guten og medan faren tala tysk. Den tyske filosofen og forfattaren Friedrich Schlegel var eit av hans søskenbarn.

Over halvparten av Riksforsamlinga på Eidsvoll var juristar og det var femten teologar (prestar). 44 av dei 112 Eidsvollsmennene hadde utdanning frå Universitetet i København. Ola Mestad meiner at Christian Magnus Falsen og andre sentrale Eidsvollsmenn utdanna i København var påverka av den liberale Schlegel, slik at Schlegels idear om næringsfridom, ytringsfridom og religionsfridom prega grunnlova frå Eidsvoll. Schlegels arbeidde særleg innanfor naturrett.Klassekampen 4. juni 2013 s.27. Schlegels bidrag til 1814-grunnloven er lite kjent.Jus UiO:Schlegel, kantianisme og Grunnloven lese 5.juni 2013.

Verk Naturrettens eller den almindelige Retslæres Grundsætninger, 1. utgåve i 1798 og 2. utgåve 1805. Om de gamle danskes retssædvaner og autonomie (1827)

Kjelder

Kategori:Jusprofessorar Kategori:Professorar ved Københavns Universitet Kategori:Medlemmar av Det kongelege danske vitskapsakademiet Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Folk frå København