Moss Fotballklubb er ein fotballklubb som held til i Moss, vest i Østfold. Moss FK vann kongepokalen i Fotball-NM i 1983 og vart seriemeister i Noreg i 1987. Moss FK har tre gongar delteke i europacupturneringar; klubben møtte FC Magdeburg i 1980, Bayern München i 1984, og Real Madrid i 1988.
Divisjonsutvikling
DivisjonRunde199920002001200220032004200520062007200820092010201120122013Tippeligaen 10px|10. plass 10px|9. plass 10px|10. plass 10px|13. plass Adeccoligaen 10px|12. plass 10px|10. plass 10px|tredjeplass 10px|åttandeplass 10px|5. plass 10px|9. plass 10px|7. plass 10px|15. plass
2. divisjon 10px|10. plass 10px|10. plass 10px|Avsluttes i november 2013
Klubbhistorie Starten
Moss FK vart stifta som Moss Idretsforening 28. august 1906 i eit vedskjul i Henrik Gerners gate. Dei første åra var det fotball, friidrett, sykling, ski, ishockey og skøyter som prega klubben. Fotballen hadde ikkje akkurat slått rot i Noreg på denne tida. Dei første åra gjekk det ikkje i det tradisjonelle fotballspelet, men i såkalla fotballtennis. Dette kom av at det ikkje var nokre regulerte fotballbanar i Moss-regionen på denne tida.
Men i 1910 byrja MIF å spele fotball slik vi kjenner det i dag. Sidan treningsbanar var eit av dei største problema til klubben, skifta Moss Idretsforening stadig opphaldsstad. Først til ei løkke ved Solisaga på Ørehavna, derfrå til ei slette ved Schulstocks Reperbane (i dag Herfordsgate) og til slutt til Sandløkka på Skarremyra. Banen låg der, men tribune og klubbhus måtte vente. Nokre gamle treskur vart sett opp og gjorde teneste i mange år, fram til Melløs Stadion stod ferdig 21. mai 1939.
Klubben har siden oppstarten spelt i gult og svart, sjølv om fargenyansane har endra seg noko over tid. Emblemet til MFK held òg klubbfargane – logoen er eit svart skjold med gul bord, fotball og initialane «MFK». Den første seriøse klubbeigde fotballbanen kjøpte samskipnaden i 1911 – då dei fekk tilslag om eit areal der Malakoff videregående skole ligg i dag – banen vart opparbeidd på dugnad i løpet av åtte månader. 21. mai 1939 stod Melløs stadion ferdig.
Gjennombrotet
Året 1921 må kunne reknast som gjennombrotsåret for fotballen i MIF. Banen på Malakoff vart utvida, rettnok på grunn av NM på skøyter. Laget spelte seg for første gong fram til 4. runde i NM, der det vart tap for Odd. Kampen vart spelt på Malakoff, og samla 3 000 tilskodarar. MFK vart avdelingsmeister i Østfold Nordre med seks poeng. Rivalane Fredrikstad FK kom på andreplass med fem poeng. MIF fortsette framgangen i 1922, og vann avdelinga si i kretsserien. Diverre tapte dei finalen mot Kvik 3-0. Dei nådde for første gongen semifinalen, som vart spelt i Fredrikstad for fulle tribunar. Motstandar var nok ein gong Kvik Halden, som vann 1 – 0. Den 15. juni 1924 fekk MIF sin første landslagsspelar – Arvid Lindberg – som debuterte mot Tyskland. For femte gong på rad vann MIF i 1925 avdeling si i meisterskapen i klasse A i Østfold. Det vart tap i finalekampen om krinsmeisterskapen mot Sarpsborg, med 4-2.
I 1926 vart det vedteke at sykling og hockey skulle sløyfast frå klubbprogrammet, og året etter vart det vedteke at skøyter og ski skulle nedleggjast. Då stod klubben tilbake med berre fotball og friidrett. I 1929 vart friidretten utskilt i eigen samskipnad og klubben endra namn til Moss Fotballklubb.
Etter å ha spelt sine kampar på Malakoff frå starten av, flytta laget til dagens stadion, Melløs den 21. mai 1939. Denne dagen vart Melløs Stadion offisielt innvigd med idrettsparade, talar , turnoppvisning, friidrett og fotballkamp mellom MFK og Sprint, der MFK vann 1-0. Nærare 4000 tilskodarar var tilstades. I serien vart MFK nr tre etter Fredrikstad FK og Sarpsborg FK. I Noregsmeisterskapen kom MFK igjen til 5. runde, kor laget møtte Drafn på Ullevaal, og tapte 1-0. Det vart spelt ein kamp mot landslaget den 21. juni same år, der resultatet vart 2-2.
Den 9. april 1940 vart all trening stoppa pga krigsutbrotet, og vart først sett i gang igjen 11. juni same år, då klubben spelte den første kampen sin mot Fredrikstad Fotballklubb, der det vart siger 4-2. Frå august vart det igjen spelt Noregmeisterskapenskampar og MFK kom «berre» til semifinalen, men vann for første og einaste gong krinsmeisterskapen i Østfold – på betre målskilnad enn Sarpsborg FK.
Etterkrigsåra
Den 11. mai 1945 stod denne annonsen i avisene til byen: ”Moss Fotballklubb byrjar treninga på Melløs Stadion førstkommande tysdag kl 19.00. Styret” – altså berre tre dagar etter at krigen var over i Noreg.
Etter dette følgde nokre svake år sportsleg for MFK, og i 1947 vart det nedrykk frå 1.divisjon til 2. divisjon. Laga spelte seg derimot opp att i 1948. Etter år med plasseringar midt på tabellen vart laget austlandsmeister i Landsdelsserien i 1953, og rykte dermed opp til Hovedserien – dagens Tippeligaen. Det vart derimot berre eit år i Hovedserien for MFK denne gongen, klubben leid mange nederlag, og rykte ned i Landsdelsserien igjen.
Nyare tid
Klubben heldt seg i Landsdelsserien med eit nødskrik i perioden 1956-1960, men klubben var svært nære nedrykk alle dei nemnde åra. I 1963 vart ligastrukturen i NFF endra, og dei ulike landsdelsdivisjonene vart no til 1. divisjon, 2. divisjon og 3. divisjon, der MFK vart plassert i 3. divisjon. Etter fleire sesongar med topp og midt-plasseringar i 3. divisjon, vart klubben krona med eit overraskande nedrykk i 1969. Laget rauk òg ut i første runden av cupen denne sesongen, i det som blir karakterisert som Moss FKs dårlegaste sesong nokosinne – i god konkurranse med 1992, 2003 og 2010-sesongane.
1970-talet vart ein sigersgang for MFK. I løpet av sesongane sesongane 1970 og 1971 tok klubben stega opp frå 4. divisjon til 2. divisjon. Dei følgjande åra vart gode reint sportsleg, og i klubben sin 70-årsjubileumssesong – 1976 – tok klubben stega opp i 1.divisjon, som var toppdivisjonen den gongen. I klubben sin jubileumskamp på Melløs vann klubben 12-3 over Lillestrøm. Det var òg i denne sesongen der Moss-legenda Einar Aas debuterte på U-landslaget, mot høvesvis Sverige og Danmark.
I 1978 vart MFK nr åtte i toppserien. Den 17. mai dette året fekk MFK besøk av Hamburger SV, som hadde bl.a Kevin Keegan på laget. Det enda i 1-6 tap for MFK. På A-laget denne sesongen spelte Philip Holyoak frå Tottenham dei fleste seriekampane for MFK, men fekk etter kvart ikkje arbeidsløyve i Noreg, og måtte difor reise heim igjen til England.
Sesongen 1979 vart rekna som den beste gjennom tidene for MFK – der laget kom på sølvplass, berre 2 poeng etter Viking, noko som gav UEFA deltaking neste sesong. Einar Aas, som vart kåra til årets spelar denne sesongen, underteikna etter sesongen proffkontrakt med Bayern München på 2 ½ år, og vart den første profesjonelle fotballspelaren frå MFK. Året etter vart han den første nordmannen til å spele profesjonelt for eit engelsk lag – nemleg Nottingham Forest, der han spelte under den legendariske manageren Brian Clough. Han vart òg den aller første utlendingen som vart kaptein for eit engelsk fotballag noko sinne.
1980-åra Saknet etter Einar Aas kom til syne i 1980-sesongen, der klubben enda på sjetteplass i toppserien. Denne sesongen spelte MFK òg i UEFA-cupen mot FC Magdeburg. Det vart tap borte med 2–1, og 2–3 tap heime på Melløs – og dermed exit i første runden. I 1981 kom klubben til cupfinalen for første gongen etter å ha slått Fredrikstad 6-0 i 4. runde, Start med 3–0 i 5. runde og Viking 2–0 i semifinalen. Finalen enda med 1–3 tap mot Lillestrøm.
Sesongen 1983 vart rekna som «gullåret». I 1. divisjon vart laget nummer fire, men laget tok for første gongen heim cupen. Finalekampen gjekk på Ullevaal den 23. oktober, og MFK slo Vålerenga med 2-0, etter at Stein Kollshaugen gav MFK leiinga på straffespark. Geir Henæs fastsette sluttresultatet til 2–0. Kapteinen til laget, Geir Henæs, mottok Kongepokalen, og heile laget sprang æresrunden på eit fullsatt Ullevaal Stadion. Heile byen tok imot spelarane og leiarane då dei kom tilbake, med fakkeltog frå Øvre Torv til Samfunnshuset. Dette førte òg til deltaking i europacupen for cupvinnarar. Her spelte MFK to kampar mot Bayern München, og vart slått ut i 1. runde med 4–1 tap i München, og 1–2 på Melløs.
Sesongen 1985 vart ein dårleg sesong sesong for laget. MFK vart nr 10 i serien med 19 poeng. Dei hadde sju sigrar, fem uavgjort og ti tapte kampar. Dette resulterte i kvalifiseringskampar, først mot Sogndal (2-0 siger) og deretter mot Tromsø (0-1 tap på Melløs). MFK var etter 9 samanhengande år i 1. divisjon degradert til 2. divisjon.
Første Eggen-periode
I 1986 vart Per og Hans Jacob Henæs sett til side på trenarsida. Inn kom ein ung Nils Arne Eggen, som sidan den gongen har vorte ei legende i fotball-Noreg – og utan tvil den mest anerkjende norske klubbtrenaren gjennom tidene etter prestasjonane hans ved roret i Rosenborg. Men han gjorde òg sakene sine vel i MFK – to år var alt han trong på å skrive MFK inn i norsk fotballhistorie – med gulltusj.
Målsetjinga for sesongen 1986 var opprykk til 1. divisjon, eit mål som vart nådd. Etter serien var over i 2. divisjon avdeling A, låg MFK på toppen med 35 poeng. Klubben feira òg jubileum dette året – Moss Fotballklubb var 80 år. Men det var ikkje før neste sesong – i sesongen 1987 – at klubben verkeleg skulle få noko å feire. Ein heimvendt Einar Aas kunne motta pokalen som bevis på at klubben for første og hittil einaste gong var vorte norsk seriemeister.
Nils Arne Eggen forlét seinare på hausten klubben til fordel for Rosenborg. Her skulle han seinare bli den mest suksessfulle klubbtrenaren i norsk fotball si historie, men mange meiner framleis at den største prestasjonen hans var nettopp det å ta eit nyopprykt MFK-lag til eit særs overraskande seriegull i 1987.
Mellom-Eggen perioden
Ei rekkje av veteranane som hadde sikra seriegullet la opp før 1988-sesongen. Ny trenar var svenske Stefan Lundin, og i serien dette året enda laget på fjerdeplass. I cupen nådde laget nok ein gong semifinalen. Her vart det tap 0-1 for Brann på Melløs. Moss deltok dette året i den europeiske serievinnarcupen, og i likskap med i UEFA-cupen i 1983 trekte ein eit av dei desiderte topplaga; Real Madrid. I den første kampen i Madrid vart det tap 0-3, medan det vart tap 0-1 på Melløs.
I sesongen 1990, berre tre sesongar etter å ha vorte krona seriemeistrar, måtte klubben ta steget ned i 2. divisjon etter å ha kome på sisteplass i 1. divisjon med Einar Aas som trenar. Der vart klubben verande i fem sesongar. Mike Speight var trenar for klubben i fire år, før klubben endeleg tok steget opp i 1995 under leiing av Per-Mathias Høgmo. Nordlendingen leia òg laget komande sesong, men klarte ikkje redde laget frå nedrykk sesongen 1996. Nedrykket frå Tippeligaen til 1. divisjon innebar eit farvel til fleire sentrale spelarar. Rune Tangen – som vart kåra til årets stoppar av VG og årets spelar av NRK – gjekk til proffspel i Austerrike, medan Martin Andresen gjekk til .
Andre Eggen-periode
Sesongen 1997 markerte starten på klubben sin andre Eggen-periode. Men denne gongen var det Knut Torbjørn Eggen – son av Nils Arne – som fekk trene klubben. Og med Nils Arnes suksess 10 år tidlegare friskt i minnet vart det stilt store forventningar til Eggen junior. Og desse vart på ein måte innfridd; Moss og Vålerenga kniva mot kvarandre i toppen av 1. divisjon gjennom heile sesongen, og til slutt enda Moss eitt fattig poeng bak Oslo-laga, og heile 19 poeng føre Eik-Tønsberg på kvalik-plassen. Dermed var Moss igjen tilbake i det gode selskapet i Tippeligaen.