Leiv Harang () var ein norsk fysikar og geofysikar.

Han tok graden dr.philos. i 1938 og vart styrar ved Nordlysobservatoriet i Tromsø frå 1928 til 1946.

Undre andre verdskrigen dreiv han ulovleg arbeid med å skaffe informasjon om forsvarsanlegg og troppeforflyttingar og opplysningane vart sende med både kurer og radio til Stockholm og London. Våren 1944 vart Harang arrestert og etter fangeopphald i Bodø og Trondheim vart han ført til Berlin.

Etter krigen vart han forskningssjef ved Forsvarets forskningsinstitutt si avdeling for telekommunikasjon ved Kjeller frå 1946 til 1952. Frå 1952 vart han professor i ionosfærefysikk ved Universitetet i Oslo og forskar ved Forsvarets forskningsinstitutt. Det vitskaplege arbeidet hans omfattar nordlysundersøkingar og ionosfærefysikk.

Kjelder Leiv Harang. (28.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Leiv_harang

Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Norske fysikarar Kategori:Norske motstandsfolk Kategori:Norske fysikkprofessorar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo