John Collett Falsen () var ein norsk embetsmann og politikar.
Familie Foreldra til John Collett Falsen var stiftamtskrivar Hagbarth Falsen (1791-1836) og Aletta Fleischer (1792-1868). Dei to gifta seg 15.desember 1811.Digitalarkivet: Klokkerbok for Garnisonsmenigheten prestegjeld, Akershus slottsmenighet sokn 1810-1814 Christian Magnus Falsen og Carl Falsen var to av onklane hans, og besteforeldra var embetsmann og forfattar Enevold Falsen frå København og den norske skodespelaren Henriette (Anna Henrikka Petronelle) Mathiesen.L. Dietrichson(1866) Omrids af den norske poesis historie
John Collett Falsen gifta seg med Henriette Falk i Vang prestegjeld i 1848. Hennar far var sorenskrivar i Vang.Historieboka: John Collett Falsen
Utdanning Bergen Katedralskule 1828-1833 Cand.jur. 1841
Yrkesliv John Collett Falsen jobba som prokurator i Nedenes amt frå 1846 til 1849. Etter dette flytta han til Trondheim og jobba som overrettssakfører der ei kort tid før han flytta til Drammen same år. Falsen jobba som prokurator og var ordførar i Drammen i fleire periodar.
Falsen var amtmann (fylkesmann) i Nordre Bergenhus amt (no Sogn og Fjordane fylke) frå 1861 til 1869. I sitt første år som amtmann budde Falsen i Lærdal, men flytta embetet til Leikanger kommune i 1862. Falsen kjøpte garden Nybø av sorenskrivar Hjort, og når han selde garden vidare til staten året etter vart Nybø embetsgard for amtmannen i Nordre Bergenhus Amt.Kulturhistorisk leksiokn, Fylkesarkivet: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane - historikk Amtsstova på Nybø fungerte som administrasjonsbygg fram til 1939, og i 2013, i samband med 250årsjubileet for Sogn og Fjordane fylke, vert amtsstova, det eldste administrasjonsbygget i fylket, restaurert og flytta.Sogn Avis 09.01.2013: Gjorde funn i veggane
Falsen var stortingsrepresentant for Nordre Bergenhus Amt i periodane 1859-61, 1865-67 og 1869-69, og statsråd frå 1869 til han døydde i 1879. Som statsråd var han i Justisdepartementet (1969-70, 1871-72, 1874-77 og 1878-79), ved statsrådsavdelinga i Stockholm (1870-71, 1873-74 og 1877-78), og var marineminister 1871 og indreminister 1872-73.
Utmerkingar John Collett Falsen var Kommandør av St. Olavs Orden, han fekk Storkorset av den svenske Nordstjerneordenen og Storkorset av den danske Dannebrogorden. Ved Uppsala universitetet sin jubileumsfest i 1877 var Falsen utnemnd til juris hedersdoktor.
Kjelder NRK Fylkesleksikon: John Collett Falsen Hemnesslekt: Hagbart de Falsen Store Norske Leksikon: Falsen Terje Bratberg, Store Norske Leksikon: Carl Falsen Knut Mykland, Store Norske Leksikon: Christian Magnus Falsen Paul Thyness, Store Norske Leksikon: Envold De Falsen Nordisk familjebok - Uggleupplagan. 7. Egyptologi-Feinschmecker
Fotnotar
Kategori:Fylkesmenn i Sogn og Fjordane Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Norske statsrådar 1814-1884 Kategori:Norske justisministrar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Nordstjerneordenen Kategori:Folk frå Oslo