Friendship er debutalbumet til det norske progrockbandet Junipher Greene. Det kom ut i 1971, og er kjent som det første dobbeltalbumet i Noreg. Produsentar var bandet sjølv, Nils Bjarne Kvam og Harald Are Lund. Albumet låg 13 veker på VG-lista i 1971 og 1972, med nummer åtte som beste plassering.http://lista.vg.no/album_info.php?AlbumOp=show&albumId=3193&albumtype=album&albumtype_id=1

Plateomslaget er eit utbrettomslag måla av Odd Nerdrum.

Innspeling Bandet kom inn på plateselskapet Sonet, og innspelinga av plata byrja i Arne Bendiksens Studio alt i november 1970. Nils Bjarne Kvam var lydteknikar og medprodusent. Harald Are Lund – kjent frå NRK radio – var òg del av produsentteamet.

Innspelinga tok tid, og ikkje alt gjekk glatt. «Vi var heile tida sisteval», sa trommeslagaren Geir Bøhren - «Ofte måtte vi vente når vi kom, fordi andre som heldt på i studio ikkje var heilt ferdige. Mykje nattejobbing.» Gitarist Bent Åserud sa «Det var veldig slitsamt. Vi hadde ei natt, og så var det kanskje ikkje noko ledig studio på tre veker, og så fikk vi ei natt igjen.» Bøhren meiner at sjølve grunnsoundet kunne vore meir einskapleg frå låt til låt - «Lydbiletet skiftar heile tida. I og med at vi måtte rigge opp og ned og at ting aldri fekk sett seg skikkeleg lydmessig, vart det slik.» Nils Bjarne Kvam hadde mykje og stri med - «Vi spelte inn på ein Lyrec åttespors bandopptakar. Eit dansk merke, og den første åttesporsspelaren i Noreg. Han fungerte ikkje heilt som han skulle, nokre gongar berre stoppa han. Dessutan hadde han nokre ikkje heilt patente lydhovud, og det gikk litt utover basslyden her og der. Berre så det er sagt, bandet er blitt remastra i ettertid, og let no som han skal.»Mesteparten av fakta er frå CD-heftet som følgde med deluxeutgaven frå 2008

Tekstar Tekstar var ikkje den sterke sida til bandet, og dei kom som oftast frå vener og kjende, eller som i ein del av tilfella, frå Harald Are Lund, som leverte frå seg tekster under pseudonymet Clever Duck (Are Lund = Lure And). Tittelverket har tekst av den svenskamerikanske lyrikaren Alex K. Carlsson.

Historie Det vart spelt inn så mykje musikk under innspelinga av albumet, at det var altfor mykje til å få plass på berre to LP-sider, derfor måtte det bli eit dobbeltalbum. «Eg var på eit møte der det vart avgjort», fortel Nils Bjarne Kvam – og hugsar at Arne Bendiksen sa at «det blir dyrt med eit dobbeltalbum». Men han kom med eit forslag om at bandet ikkje skulle få nokre honorar før den andre matrisa var betalt. Og då vart det slik.

Den originale plata kom ut seinhausten 1971, og seinare i 1989, 2003 og 2007, pluss fleire utanlandske piratkopiar på LP og CD. I 2008 kom plata ut i ein nymastra deluxeutgåve. Denne utgåva inneheldt ein bonus-CD med ein tidleg versjon av «Friendship», ei innspeling gjort i det den gong nystarta Rosenborg Studio på Majorstua, på ein firespors-bandopptakar. Egil Eide var lydteknikar. Innspelinga vart gjort for å teste ut studioet, det var første gong det vart testa. Bandet spelte for å få studiorutine. Bandet har i alle år blitt rekna som tapt, før det vart funne att i arkivet til Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana tidleg i 2008.

Ettertid Albumet er kjent som det første dobbeltalbumet i noregshistoria, og ein påle innanfor norsk musikk. I 2007 vart albumet kåra til tidenes norske rockealbum av Dagens Næringsliv.http://www.dn.no/forsiden/etterBors/article1132963.ece Dette og ei ny utgåve på LP (Sandem Records) gjorde at bandet spelte den første konserten sin på 25 år, den 31. august 2007. Der spelte dei så godt som heile albumet frå byrjing til til slutt.

Etter albumet kom ut i 1971 har den originale vinylutgåva med utbrettscoveret av Odd Nerdrums maleri blitt eit samlarobjekt. Ei vinylplate i fin stand kan kome opp i et par tusen kroner.http://www.dagsavisen.no/kultur/article320988.ece

Omtale av «Friendship»

Listeplasseringar ÅrListeBeste plasseringVeker1971–1972VG-lista813

Innhald

Deluxeutgåve frå 2008 (disk to) «Friendship» (Dahl/Åserud/Alex K. Carlsson) – 29:32 I. Prelude: «Take the Road Across the Bridge» (Dahl/Åserud – Skodbo) – 6:12 II. «Friendship» – 2:18 III.«Interlude» – 0:54 IV. «Mountain Voices» – 7:01 V. «Land of the Foxes» – 1:23 VI. «Friendship That's Earned» – 1:31 VII. «Into the Cloudburst» – 3:44 VIII. «Manitou's Skylands & Down to Earth» – 4:23 IX. «Friendship» – 2:13

Medverkande Musikarar Geir Bøhren – Trommer Freddy Dahl – Gitar, vokal Helge Grøslie – Orgel, vokal Øyvind Vilbo – Bassgitar Bent Åserud – Gitar, fløyte Produksjon Junipher Greene – Produsent Nils Bjarne Kvam – Produsent, lydteknikar, Remastering (September 2008) Harald Are Lund – Produsent, lydmiksing Odd Nerdrum – Plateomslag Morten Lund – Remastering (September 2008)

Produksjon (demoinnspeling av «Friendship») Junipher Greene – Produsent Egil Eide – Produsent, lydingeniør Bent Åserud – Lydmiksing (Juli 2008) Per Østmark – Mastering (September 2008)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Friendship» frå , den 19. juni 2013. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Heimesida til bandet

Kategori:Debutalbum frå 1971 Kategori:Junipher Greene-album