Pizzo Bianco er eit 3 215 meter høgt fjell vest i Wallis-Alpane i den italienske regionen Piemonte.
Fjellet ligg sør for landsbyen Macugnaga i Valle Anzasca, tvers overfor Monte Rosa-massivet. Aust for Pizzo Bianco strekker fjelldalen Val Quarazza seg. Vest for Pizzo Bianco ligg isbreen Belvedere som skilje mot Monte Rosa-massivet.
Frå fjellhytta Rifugio Belvedere (1 932 moh.) er det ein om lag 5-6 timars lang tur til topps på Pizzo Bianco. Etter å ha gått til den 2 738 meter høge toppen Pizzo Nero, fylgjer ein nordaustegga like til topps. Frå toppen har ein utsikt mot den austlege delen av Monte Rosa-massivet. Frå nord til sør ser ein toppane Cima di Jazzi, Gran Fillar, Jägerhorn, Nordend, Dufourspitze, Zumsteinspitze, Signalkuppe, Parrotspitze, Ludwigshöhe, Corno Nero, Vincent-pyramiden og Punta Giordani. Nær mot sør hevar den snødekte fjelltoppen Punta Grober seg til nær 3 500 meters høgde.
Horace-Bénédict de Saussure steig til topps på fjellet i 1789, då han skulle mæle høgda på Monte Rosa.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pizzo Bianco» frå , den 23. juni 2013.
Kategori:Fjell i Italia Kategori:Fjell i Piemonte