Asmund Kristoffersen () er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet, fødd i Flakstad i Nordland. Han var stortingsrepresentant for Møre og Romsdal frå 1993 til 2009.
Kristoffersen var i tida 1967 til -75 lærar og seinare rektor ved Sørvågen barne- og ungdomsskole. Tidsrommet 1975-87 var han rektor ved Tingvoll barne- og ungdomsskule og deretter skulesjef i Tingvoll kommune 1987-93, med unnatak for eitt år då han tok vidareutdanning ved Møre og Romsdal Dsitriktshøgskule i Volda.
Perioden 1979-91 var Kristoffersen medlem av kommunestyret i Tingvoll. Frå 1983 til -93 var han i tillegg fylkestingsrepresentant for Møre og Romsdal Arbeidarparti, eit fylkesparti han leia i 1985-86. I 1993 vart Kristoffersen innvald på Stortinget for Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal. På Stortinget fekk han plass i sosialkomiteen, ein komite han sat i heilt fram til 2005. Kristoffersen vart med åra ein framskoten talsmann for Arbeidarpartiet sin politikk i sosiale spørsmål og i helsesaker. Dei to siste periodane på tinget var han fyrst leiar og så medlem av fullmaktskomiteen. I den siste fireårsperioden på Stortinget hadde han sete i energi- og miljøkomiteen, samt valkomiteen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Asmund Kristoffersen» frå , den 26. juni 2013.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Folk frå Flakstad Kategori:Folk frå Tingvoll