Haakon Blankenborg () er ein norsk politikar og diplomat frå Vågå. Han representerte Oppland fylke og Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1981 til 2005.

Blankenborg var sagarbeidar ved Randsverk Sag og Høvleri frå 1975 til -76. Dei neste åra studerte han ved Universitetet i Oslo og var samstundes aktiv i Arbeidernes Ungdomsfylking. I 1981 vart han innvald på Stortinget frå Oppland, og vart attvald fem gongar. Han var medlem av kyrkje- og undervisningskomiteen frå 1981 til mai 1986, resten av perioden fram til 1989 var han leiar i same. Perioden 1989-93 var han med i kommunal- og miljøvernkomteen, som leiar frå november 1990. Frå 1993 til regjeringsskiftet i mars 2000 var han leiar av Utanrikskomiteen, deretter sekretær i same til hausten 2001. I sin siste periode på Stortinget var han også medlem av Utanrikskomiteen. Blankenborg var dessutan medlem av Valkomiteen 1985-93 og 1996-2005, og av fullmaktskomiteen 1989-2001.

30. september 2005 vart Blankenborg utnemnd til norsk ambassadør i Beograd.Offisielt fra statsråd 30. september 2005 Han var norsk ambassadør i Beograd til 2010.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Haakon Blankenborg» frå , den 28. juni 2013.

Kategori:Folk frå Vågå Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005