Mamoudzou er hovudstaden i det franske oversjøiske departementet Mayotte i Indiahavet. Han ligg på den største øya i departementet, Grande-Terre eller Mahoré. Mamoudzou er den folkerikaste kommunen i øya, og rundt 27 % av øybuane bur der. Mamoudzou blei gjort til hovudstad i 1977, etter Dzaoudzi på den mindre øya Petite-Terre eller Pamanzi.Chronologie (du 20 juillet 1953 au 22 juin 2007) , www.cg976.fr (Conseil Général de Mayotte)
mini|venstre|Båtar i havet ved Mamoudzou. Mamoudzou ligg nordaust på Mahoré, vest for sundet mot Pamanzi. Det er herfrå båtkontakten med den mindre øya føregår.
Mamoudzou er ein kommune som er delt i tre kantonar: Mamoudzou I (Mamoudzou Kawéni), Mamoudzou II (M’Tsapéré Cavani) og Mamoudzou III (Passamainti, Itoundzou 1, Itoundzou 2 og Vahibéni).Mamoudzou , www.cg976.fr (Conseil Général de Mayotte)
I sentrum av byen ved hamna finst ein statue av Zaïna Mdéré, som kjempa for at Mayotte skulle fortsette å høyra til Frankrike medan Komorane fekk sjølvstende, og marknaden i byen. På Mahabou-odden ligg grava til Andrianantsouly, den siste sultanen av øya. I M’Tsapéré-området i sør ligg den kvite Balamanga-moskéen og bygningar frå kolonitida. Kaweni i nord er eit industriområde som også har ein yrkesfagleg vidaregåande skule.
Mamoudzou huser dei fleste sentrale tenestene i Mayotte, mellom anna det sentrale sjukehuset og biblioteket.Hôpitaux de Mayotte (Mamoudzou); Bibliothèque départementale , cg976.fr
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad , villedemamoudzou.fr
Kategori:Hovudstader i Afrika Kategori:Mayotte Kategori:Prefektur i Frankrike