David Wilkie () var ein skotsk målar som frå 1830 var hoffmålar i Storbritannia, og som vert rekna som ein av grunnleggjarane av målarkunsten i Skottland.

Liv og gjerning venstre|mini|Introduksjonsbrevet, 1813 mini|venstre|Pitlessie-marknaden, 1804 mini|venstre|Opplesing av testamentet, 1820 Wilkie byrja studere kunst i Edinburgh i 1799. Fire år seinare fekk han pris for biletet Kallisto i badet med Diana. Frå 1805 studerte han ved Royal Academy of Arts i London, der han fekk merksemd for måleri som til dømes Lokalpolitikaren og Den blinde felespelaren. I 1811 vart han teken opp som medlem av kunstakademiet. Dei komande åra måla han bilete som Introduksjonsbrevet og Testementet vert opplese.

År 1825 la Wilike ut på ein rundtur på det europeiske kontinentet. Gjennom ein treårsperiode besøkte han Frankrike, Tyskland, Italia og Spania. Under denne reisa endra han både stil og tema. I staden for ei nøyaktig penselføring valde han å måle med brei pensel. Gjennom sine studium av gamla meistrar, mellom andre Correggio, Rembrandt og Diego Velázquez fekk bileta hans ein lettare karakter, dei meir ymta frampå enn avdekte. Måleri som Spansk posada og Jenta frå Zaragoza er døme på dette.

mini|Jenta frå Zaragoza, 1828 Så småningom gjekk Wilkie over til å måle historiske bilete og portrett. Best kjend av historiemåleria er Knox deler ut sakramentet; andre er Columbus og egget og Maria Stuarts flukt. Mellom portretta hans merker framstillingane av kong Georg, dronning Victoria, lady Lyndhurst, sir James MacGregor, hertugen av Wellington og landskapsmålaren Thomas Daniell seg ut.

Frå 1830 var Wilkie «kongens målar» og vart i 1836 slått til riddar. År 1840 reiste han til Konstantinopel, der han måla eit portrett av sultanen Abdülmecit. Deretter besøkte han Palestina og Egypt, men vart sjuk i Alexandria. Han døydde ombord på ein fregatt ved Malta og liket vart senka i havet.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «David Wilkie» frå , den 1. juli 2013.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Britiske målarar Kategori:Skotske målarar Kategori:Målarar frå 1800-talet Kategori:Folk frå Fife