Vidar Busk () er ein norsk gitarist, songar, låtskrivar og plateprodusent. Han vaks opp i Langesund, men reiste til USA som 15-åring for å spele i musikkgruppa til den amerikanske bluessongaren Rock Bottom. Han turnerte i USA i flere år før han venda attende til Noreg i 1990 og vann Smugetprisen 1994.
Han fekk etter kvert fast støttemusikkgruppa og platedebuterte under namnet Vidar Busk & His True Believers med Stompin Our Feet With Joy i 1997. Albumet vart godt motteke i bluesmiljøane og det fekk NBFs Bluespris under Notodden Blues Festival. For sitt andre album, I Came Here to Rock, vart han kåra til årets artist under Spellemannprisen 1998. Etter å ha gjeve ut tre platar med drivande og swingbasert bluesrock og støttemusikkgruppa His True Believers, endra han totalt stil med sitt fjerde album Venus Texas i 2001. Musikken på det nye albumet var mykje mjukare og soulpreget og samstundes eksperimenterte han med andre stilartar. På hans neste album, Love Buzz, gjekk han enda lenger i flørten med andre musikkstilar, og hadde mellom annet med dei to rapparane Eye-n-I og Profilen. For dette albumet fekk han Spellemannprisen 2003 i klassen blues/country. Hans sjette album, Starfish, vart gjeven ut i 2005. Hans neste album, Jookbox Charade, vart gjeven ut under namnet Vidar Busk & The Voo Doodz i 2007. Han skipa deretter Vidar Busk & His Bubble Of Trouble, og gav ut albumet Troublecaster i 2011. For albumet vart han nominert til Spellemannprisen 2012 i klassen blues. Vidar Busk er kjend for å turnere mykje og har spelt på dei fleste store festivalane i Noreg, herunder Notodden Blues Festival, Ole Blues, Vossajazz med meir samt ei rekkje festivalar i Europa og USA. Busk har platekontrakt med Warner Music Norge. Han mottok Telemark fylkeskommunes kulturpris i 2004.
Eurovision Melodi Grand Prix 2013 Busk deltok i Melodi Grand Prix 2013, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, med songen «Paid My Way». Bidraget, som Busk skreiv saman med Tim Scott McConnell, vart framført på engelsk av Busk sjølv. Det enda på tredjeplass i den fyrste semifinalen og gjekk vidare til finalen. Kva for plassering bidraget fekk i finalen er ikkje kjend, men det fekk ikkje representere Noreg.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Vidar Busk» frå , den 3. desember 2017.
Kategori:Folk frå Bamble Kategori:Norske songarar Kategori:Norske gitaristar Kategori:Norske låtskrivarar Kategori:Norske plateprodusentar Kategori:Melodi Grand Prix 2013-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 2013-låtskrivarar Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Norske bluesmusikarar