Judah Gavra () er ein israelsk songar, dansar, skodespelar og modell.

Eurovision Kdam Eurovision 2013 Gavra deltok som både artist og låtskrivar i Kdam Eurovision 2013, den israelske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige. Songen, som vart presentert med titlane «Hayom» og «We're Beautiful», skreiv han saman med Tomer Hadidi. Bidraget vart framført på hebraisk og engelsk og starta i den fyrste semifinalen, der det gjekk vidare til andresjansen. Bidraget vann andresjansen og gjekk vidare til finalen. I finalen enda bidraget på fjerdeplass, og Gavra fekk ikkje representere Israel.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Israel in the Eurovision Song Contest 2013» frå , den 10. juli 2013.

Fotnotar

Kategori:Israelske songarar Kategori:Israelske dansarar Kategori:Israelske skodespelarar Kategori:Israelske modellar Kategori:Kdam Eurovision 2013-deltakarar Kategori:Kdam Eurovision 2013-låtskrivarar