Crema er ein by og ein kommune i provinsen Cremona i regionen Lombardia i Italia. Kommunen har i kring 34 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 34 km². Byen ligg ei 40 kilometer søraust for Milano, 79 meter over havet, ved elva Serio.
Dei viktigaste næringane i Crema er landbruk med avl av storfe, osteproduksjon, og tilverking av jarnvarer, samt tekstilar av bomull og ull.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Crema, Lombardy» frå , den 10. juli 2013. Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Lombardia