Torre del Gran San Pietro, eller Gran Peirro, er eit 3 692 meter over havet høgt fjell i Gran Paradiso-massivet, eit fjellområde i Dei graiiske Alpane i Italia. Fjellet ligg på ein fjellrygg sør for Cogne, grensa mellom regionane Aostadalen og Piemonte går over toppen. Torre del Gran San Pietro er omgjeven av isbrear på fleire kantar.
Sommaren 1867 leia Daniel Ballay og Michel Payot dei britiske klatrarane Douglas Freshfield, C.C. Tucker, T.H. Carson og J.H. Backhouse til topps.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Torre del Gran San Pietro» frå , den 16. juli 2013.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Italia