Levanna (italiensk, fleirtal Levanne) er eit 3 619 meter over havet høgt fjell i Dei graiiske Alpane. Grensa mellom departementet Savoie i Frankrike og provinsen Torino i Italia går over fjelltoppen.

Fjellet har tre relativt jamhøge toppar, der midttoppen er den høgste. 17. august 1875 klatra Antonio Gramaglia og Luigi Vaccarone til topps på midttoppen. Sveitsaren Antonio Tonini og assistenten hans var på sørlegaste toppen av Levanna i 1857.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Levanne» frå , den 17. juli 2013.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Frankrike Kategori:Fjell i Italia