Louis Christophe Paul Gustave Doré (), kjend som Gustave Doré, var ein fransk illustratør, målar og bilethoggar. Doré var mykje godt sjølvlærd og arbeidde som illustratør frå han var 16 år gammal. Han bidrog med illustrasjonar til om lag 90 bøker, derimellom ei bibelutgåve i 1866, Dante Alighieris Den guddommelege komedie og bøker av Lord Byron, Miguel de Cervantes, François Rabelais og Honoré de Balzac. Han arbeidde etterkvart også med måleri og i sine siste år som bilethoggar.

mini|venstre|Ulven og Raudhette mini|venstre|Paulus i Efesos Liv og gjerning Doré var fødd i Strasbourg, og hans fyrste illustrerte forteljing kom på trykk då han var femten år gammal. I Paris byrja han å arbeide som litteraturillustratør. Dorés oppdrag omfattar verk av Rabelais, Balzac, John Milton og Dante. I 1853 vart han spurd om å illustrere avdøde Lord Byron sine verk. Etter det oppdraget fekk han fleire oppdrag hos britiske forleggjarar, også ein biletbibel på engelsk. Doré illustrerte også ei utgåve av Edgar Allan Poes diktsyklus The Raven.

Dorés engelske bibel (1866) vart ein stor suksess. Året etter biletbibelen kom ut, stillte han ut mange av arbeida sine i London. I 1869 foreslo Blanchard Jerrold å samarbeide med Doré for å lage eit omfattande portrett av London. Doré skreiv under på eit femårsprosjekt med utgjevarane Grant & Co, der han forplikta seg til å vere i London tre månader om året. Årleg fekk han utbetalt £10 000 for arbeidet, ein kolossal sum for ein teiknar. Boka, London: A Pilgrimage, med 180 gravaringer, kom ut i 1872. London: A Pilgrimage vart ein suksess, og Doré mottok oppdrag frå andre britiske utgjevarar. Verket vart likevel mislikt av samtidige kritikere. Nokre kritikarar var misnøgd med at Doré såg ut til å fokusere på fattigdommen i London. Doré vart skulda av Art Journal for å «oppfinne heller enn å kopiere». Westminster Review hevda at «Doré lagar skisser der dei simpleste og mest vulgære særprega er tydelege».

Mellom Dorés seinare arbeid er Rime of the Ancient Mariner Samuel Taylor Coleridge, Det tapte paradis av John Milton, The Idylls of the King og The Works of Thomas Hood av Alfred Tennyson og Den guddommelege komedie av Dante.

Doré heldt fram å illustrere bøker til han døydde i Paris i 1883. Han er gravlagd på Père Lachaise.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gustave Doré» frå , den 20. juli 2013.

Bakgrunnsstoff

Dorés bildebibel fra 1866 med 230 illustrasjoner (Nettutstilling fra Statsarkivet i Bergen)

Kategori:Franske målarar Kategori:Franske bilethoggarar Kategori:Folk frå Strasbourg Kategori:Kunstnarar frå Paris Kategori:Gravlagde ved Père Lachaise