Immanuels kyrkje er ei krosskyrkje frå 1833 i Halden kommune i Østfold fylke. Bygginga tok til i 1828 etter teikningar av Christian H. Grosch. Kyrkja ligg sentralt i Halden sentrum.

Kyrkja er i oppført tegl og har 900 plassar. Stilen er seinempire. Dåverande riksantikvar Nils Marstein har kalla Immanuelskyrkja i Halden for det viktigaste enkeltmonumentet blant dei mange kyrkjebygga til Grosch. Vidare har han omtala kyrkja som «empirens sakrale hovedverk i Norge».Nils Marstein, kronikk i Aftenposten, 3. mai 2001. Besøksdato: 16. juli 2013. thumb|300px|venstre|Mot altaret i Immanuelskyrkja Inventar Altaret har ein Kristusfigur frå 1833 utført av Johan Niclas Byström. Preikestolen er av tre og er teikna av arkitekten. Også døypefonten er av Grosch. Han er laga av støypejern.

Det er fem lysekroner i kyrkja, alle frå 1837. Kyrkja har ein del eldre kyrkjesølv, blant anna ei vinkanne frå 1707 og ein kalk med disk og lokk frå 1739. miniatyr|venstre|Immanuels kyrkje i 1910 Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Immanuels kirke» frå , den 21. juli 2013.

Bakgrunnsstoff

Kyrkjesøk – Immanuels kirke Lokalhistoriewiki – Immanuels kirke Artemisia.no – Immanuels kirke

Kategori:Kyrkjer i Halden Kategori:Kulturminne i Halden Kategori:Kyrkjer i Søndre Borgesyssel prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1833 Kategori:Christian H. Grosch Kategori:Krosskyrkjer i Noreg