Beche Blade er ein kvass rygg med ei høgd opp mot 1600 moh mellom Murchison Cirque og Arkell Cirque på sørsida av Read Mountains i Shackletonkjeda. Han vart fotografert frå lufta av U.S. Navy i 1967, og kartlagd av British Antarctic Survey i 1968–71. I samband med at stader i området vart namngjevne etter geologar, vart det namngjeven i 1971 av UK Antarctic Place-Names Committee etter sir Henry Thomas de la Beche, ein engelsk geolog som var den første generaldirektøren i Geological Survey of Great Britain (seinare Institute of Geological Sciences), 1835–55.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Beche Blade» frå , den 23. juli 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Ryggar i Coats Land