Hafslund kyrkje (tidlegare Hafslund kapell) er ei langkyrkje på Hafslund i Sarpsborg kommune i Østfold fylke. Kyrkja er av tre og vart vigsla den 18. desember 1891. Ho har 250 plassar.
Det som no er ei kyrkje, vart opphavleg bygd som forsamlingshus for arbeidarane ved Hafslund i 1870-åra. Arbeidarforeininga vart oppløyst, og huset vart brukt som bedehus i ei årrekke før det vart bygd om og vigsla som kapell i 1891. Kyrkja vart restaurert i 1962.
Eigarane av Hafslund har for ein stor del finansiert kapellet (kyrkja), inventaret, kyrkjegarden og bårehuset.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Sarpsborg kyrkjelege fellesråd Kyrkjesøk – Hafslund kirke Sarpsborg kommune
Kategori:Kyrkjer i Sarpsborg Kategori:Kulturminne i Sarpsborg Kategori:Kyrkjer i Søndre Borgesyssel prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1891