Sarpsborg kyrke er ei nygotisk langkyrkje i upussa tegl frå 1863 i Sarpsborg kommune i Østfold fylke. Ei kyrkje frå 1859 (arkitekt: Wilhelm von HannoArtemisia.no nemner også Heinrich Ernst Schirmer i samband med kyrkja.) brann allereie i 1861, og Chr.H. Grosch fekk i oppdrag å byggje opp att kyrkja. Han inkorporerte delar av murane frå von Hanno si kyrkje i den nye kyrkja, som har 550 sitjeplassar i dag.
venstre|mini|Korpartiet i Sarpsborg kyrkje venstre|mini|Sarpsborg kyrkje - interiør mot vest
Kyrkja fekk si noverande framtoning då ho vart sett i stand til hundreårsjubileet i 1959 etter ein plan av arkitekt Esben Poulsson. Då laga Victor Sparre glasmåleri til korvindauga, og det altarbiletet som hadde vore i bruk til då, vart flytta til eit sideskip. Biletet vart måla av Christen Brun i kopi etter altarbiletet i Tyristrand kyrkje (måla av Adolph Tidemand).
Området rundt kyrkja vert ikkje lengre nytta til kyrkjegard, men er gjort om til park. Det finst to andre kyrkjegardar (eller gravlundar) i byen, ved krematoriet (St. Olavs gravlund) og ved Tune kyrkje (Sarpsborg vestre gravlund).
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kyrkjesøk – Sarpsborg kirke Sarpsborg kyrkjelege fellesråd
Sarpsborg kommune
Kategori:Kyrkjer i Sarpsborg Kategori:Kulturminne i Sarpsborg Kategori:Kyrkjer i Søndre Borgesyssel prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1860-åra Kategori:Langkyrkjer i Borg bispedømme Kategori:1863 i Noreg Kategori:Christian H. Grosch