Stensgård kyrkje er ei langkyrkje frå 1902 i Nannestad kommune, Akershus.

Kyrkja er oppført etter same teikningar som Landsmarka kapell i Nome i Telemark, og hadde opphavleg ein stavkyrkjeinspirert svalgang i vest. I 1954–55 vart kyrkja utvida og fekk eit noko anna preg. Det kom til våpenhus i vest, og i aust kom eit større sakristitilbygg. Også interiøret og inventaret vart endra.

Bakgrunnsstoff Sigrid og Håkon Christie: Stensgård kapell i «Norges kirker»

Kategori:Kyrkjer i Nannestad Kategori:Kulturminne i Nannestad Kategori:Norske kyrkjer frå 1902 Kategori:Langkyrkjer i Borg bispedømme Kategori:Kyrkjer i Øvre Romerike prosti Kategori:Bygningar teikna av Herman Backer