Lars Riedel () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Zwickau, som tevla i diskoskasting. Han er ein av dei beste diskoskastarane nokon gong. Riedel vart verdsmeister i øvinga heile fem gongar mellom 1991 og 2001 og vart elles olympisk meister under OL 1996 i Atlanta, og europameister i 1998. Gjennom 11 sesongar tok han i dei store meisterskapane i alt sju gull, eitt sølv og ein bronse i diskosøvinga. Hans personlege rekord er på 71,50 meter.

Aktiv Riedel voks opp i landsbyen Thurm ved Zwickau. Frå han var seksten år gammal var han medlem av SC Karl-Marx-Stadt, og deltok 1986 i junior-EM der han enda på fjerdeplass. Den 199 cm høge og 110-115 kilogram tunge ausstyskaren deltok seinare i EM i friidrett 1990, utan å nå finalen. Ved samanbrotet for DDR-staten mista trenaren hans jobben, og Riedel, som arbeidde som betongfagarbeidar, slutta nærast å trene diskoskast.

Etter å ha kome i kontakt med Karlheinz Steinmetz, hadde Riedel stor framgang og fekk sin fyrste store triumf då han seinsommaren 1991 vart verdsmeister i diskoskast i Tokyo. Han forsvarte VM-tittelen både i 1993, 1995 og 1997. Inn i mellom VM-gulla vart han olympisk meister i 1996. Den 3. mai 1997 kasta han i Wiesbaden sitt aller lengste diskoskast, eit kast som målte 71,50 meter.

I europameisterskapane i friidrett lukkast Riedel ikkje like godt som i VM-samanheng. Han vann i 1998 sin einaste EM-medalje då han vart europameister framom landsmannen Jürgen Schult. Etter å ha fått VM-bronse i 1999 og OL-sølv i 2000, kom Riedel tilbake på toppen då han vart verdsmeister i Edmonton i 2001. Med 69,72 meter fekk han opp sitt lengste meisterskapskast nokon gong.

Riedel vann elleve tyske meisterskap i diskoskast. Han la ikkje opp før etter 2007-sesongen, men var dei seinare åra jamt plaga med ryggen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1990 i Split: Utslått i kvalifiseringa (nr 15 – 59,28 m) VM 1991 i Tokyo: Gullmedalje – 66,20 m, framom Erik de Bruin, Nederland (65,82 m) OL 1992 i Barcelona: Utslått i kvalifiseringa (nr 14 – 59,98 m) VM 1993 i Stuttgart: Gullmedalje – 67,72 m, framom Dmitrij Sjevtsjenko frå Russland (66,90 m) EM 1994 i Helsingfors: Nr 11 (deltok ikkje i finalen) VM 1995 i Göteborg: Gullmedalje – 68,76 m, framom Vladimir Dubrovsjtsjik frå Kviterussland (65,98 m) OL 1996 i Atlanta: Gullmedalje – 69,40 m, framom Vladimir Dubrovsjtsjik (66,40 m) VM 1997 i Aten: Gullmedalje – 68,54 m, framom Virgilijus Alekna frå Litauen (66,70 m) EM 1998 i Budapest: Gullmedalje – 67,07 m, framom Jürgen Schult frå Tyskland (66,69 m) VM 1999 i Sevilla: Bronsemedalje – 68,09 m OL 2000 i Sydney: Sølvmedalje – 68,50 m, bakom Virgilijus Alekna (69,30 m) VM 2001 i Edmonton: Gullmedalje – 69,72 m, framom Virgilijus Alekna (69,40 m)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lars Riedel» frå , den 7. august 2013. Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff World Athletics

Kategori:Tyske diskoskastarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Tyskland Kategori:Olympiske meistrar for Tyskland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004