Andrew Litton () er ein verdskjend dirigent frå USA. Litton har vore sjefdirigent for Bergen Filharmoniske Orkester frå 2002 og blir verande heilt fram til 2015. Han dirigerte dermed orkesteret då det markerte 250-årsjubileum same året. I tillegg har Litton vore kunstnarisk leiar for Minnesota Orchestra sin sommarfest, æresdirigent for Bournemouth Symphony Orchestra i England, og har Emeritus-tittel i Dallas Symphony Orchestra. Dette er orkester som Litton har dirigert tidlegare. Litton er gjestedirigent for orkester over heile verda.

Under Littons leiarskap har Bergen Filharmoniske Orkester spelt i Carnegie Hall i New York by, i Concertgebouw i Amsterdam, i Wiener Musikverein, og i Berliner Philharmonie. Han dirigerte også orkesteret i innspelingar av prisløna plateseriar med verk av Stravinskij og Mendelssohn. Orkesteret vann Spellemannprisen 2007 for innspelinga av Prokofjevs Romeo og Julie.

Den 29. mars 2011 vart Litton utnemnd til riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske Fortenesteordenen for fortenestfull verksemd for fremje av norsk musikkliv og særskilt for Bergen Filharmoniske Orkester. Tildelingar på Kongehuset.no

Kjelder Biografi på offisiell heimeside (engelsk) Harmonien.no: Sjefdirigent Andrew Litton Fødselsdato er henta frå engelsk wikipedia om Andrew Litton, 9. august 2013.

Fotnotar

Kategori:USA-amerikanske dirigentar Kategori:Folk frå New York City Kategori:Den Kongelege Norske Fortenesteorden