Ole Kristofer Randers () var ein norsk diktar, kritikar og embetsmann.Norsk Biografisk Leksikon lese 14.8.2013. Randers er i dag særleg kjend for turboka Sunnmøre, eit verk som har kome i fem ulike utgåver sidan ho kom ut fyrste gongen i 1890.

Randers var son til ein lækjar, og soneson til Ole Randers. Han voks opp i Ålesund frå slutten av 1850-åra, der faren var distriktslækjar. Etter å ha utdanna seg til jurist i 1873, var han frå 1875 til 1914 tilsett, fyrst i Indredepartementet og sidan i Landbruksdepartementet.

I 1879 gav Randers ut den fyrste av fleire diktsamlingar. Lyrikaren Randers var mykje påverka av romantikarar som Johan Sebastian Welhaven og Andreas Munch. Både tematisk og i form braut dei med samtidas radikale litteratur, og vart heller lite påakta. Ein alt sterkare konservatisme og elitisme peika i same lei. Samlinga Norsk Natur frå 1887, med mange dikt stadfest til Sunnmøre og fjellheimen der, gjev til kjenne hans friskaste lyriske uttrykk.

Randers var frå 1870-åra ein ivrig fjellvandrar. I året 1890 kom han med Søndmøre. Reisehaandbog, eit verk skrive på oppdrag frå Aalesund-Søndmøre Turistforening.Randers, Kristofer (1890): Søndmøre. Reisehaandbog. Kristiania: Cammermeyer. Boka, som seinare har fått tittelen Sunnmøre, har kome i fire reviderte og utvida utgåver; 1898, 1930, 1962 og 1989. Verket, kjend som «Randers-boka», var heilt opp til 1990-talet den sentrale boka for fjellturistar på Sunnmøre.

Ein statue av Randers, forma av Arnold Haukeland, vart reist på Rønneberghaugen i Ålesund i 1951. Då Rønneberghaugen vart sprengt vekk i fyrste halvdel av 1970-åra, vart statuen flytta inn mot bydelen Nørve, og langt seinare plassert på byfjellet Aksla.

Kjelder

Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Folk frå Aremark Kategori:Folk frå Ålesund