Henning Leiv Rivedal () er ein forfattar, journalist og kulturpersonlegdom busett på Hermansverk. Han er sentral i Leikanger Mannskor sin årlege Palmerevy og er leiar i Leikanger Mållag. Rivedal var fjernsynsmann i 60- og 70-åra, og er kjend frå Barne-TV og sportssendingar i NRK. I 1979 vart han tildelt Kringkastingsprisen. Han var redaktør i det lokalhistoriske tidsskriftet Systrendingen frå starten i 1993 til 2011.

Henning Rivedal gjekk på Firda Gymnas på Sandane frå 1962 til 1965. Rivedal blei landskjent då han i lag med Bergljot Engeset leia dei første episodane av Barne-TV-programmet Lekestue (1971).Lekestue - Christins mimreside - Barne-TV

Rivedal var programsekretær i Sportsrevyen i NRK, der han i 1972 vart den første som leia sendingene på nynorsk.Ivar Aasen-tunet, Han arbeidde i NRK sentralt og på distriktskontoret for NRK Sogn og Fjordane (1971-83), var kultursjef i Naustdal kommune og skodespelar ved Sogn og Fjordane Teater (blant anna som Olav Haraldson i Bømlo-spelet, 1986), frilansjournalist og informasjonssjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune frå 2001 til 2011.Losnegård, 2013

Henning Rivedal har skreve fleire bøker og artiklar innan lokalhistorie, mattradisjonar og sport. Han var også redaktør i Årboka : Sogn og Fjordane i perioden 1993-2008.

Rivedal hoppa 7,10 i lengdehopp (Byrkjelo, 11. juli 1970) for Askvoll og har ei god plassering på adelskalendaren.

Bibliografi Bøker

I bøker - eit utval

I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Utmerkingar Kringkastingsprisen Æresmedlem Leikanger mannskor

Kjelder Lekestue - Christins mimreside - Barne TV

Referansar

Bakgrunnsstoff

Om Henning Rivedal i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kategori:Folk frå Askvoll Kategori:Folk frå Leikanger Kategori:Målfolk Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Norske redaktørar Kategori:NRK-journalistar Kategori:Programleiarar for NRK Kategori:Leikanger Mannskor Kategori:Forfattarar frå Askvoll Kategori:Forfattarar frå Leikanger Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske barnebokforfattarar