Pendulum er det sjette studioalbumet til det amerikanske rockebandet Creedence Clearwater Revival, gjeve ut av Fantasy Records den 15. desember 1970 — det andre albumet deira det året. Ein singel frå albumet, «Have You Ever Seen the Rain?» i lag med «Hey Tonight», kom ut i januar 1971.

Oversyn Pendulum var det einaste albumet av gruppa som ikkje inneheldt coverversjonar. Alle songane vart skrivne av John Fogerty. Det vart det siste albumet bandet gjorde med Tom Fogerty, som slutta for å satse på ein solokarriere. Det var òg det siste albumet med John Fogerty som einaste produsent.

Creedence nytta fleire instrument enn dei tidlegare hadde gjort på dette albumet, mellom anna med blåseinstrument og klaverinstrument, i motsetnad til tidlegare album som var dominert av gitar. Blant fleire mindre kjende Fogerty-songar («Pagan Baby», «Sailor's Lament», «It's Just a Thought», «Born to Move») inneheldt albumet to Topp 10-hittar, «Hey Tonight» og «Have You Ever Seen the Rain?». Begge songane nådde åttandeplassen i 1971. Han inneheld òg det avantgarde, psykedeliske musikkstykket «Rude Awakening #2».

Produksjon Albumet vart spelt inn i Wally Heider Studios i San Francisco, og tok ein månad å fullføre—ei uvanleg lang tid for bandet. På tidlegare album, øvde gruppa på songane før dei gjekk i studio. Men på Pendulum lærte bandet seg songane medan dei var i studio. Det første opptaket av ein song vart framført av heile bandet, før dei forskjellige medlemmane la til forskjellige instrument og ekstra song-spor, som saksofonar, som vart spelt av John Fogerty sjølv, i tillegg til mykje bruk av klaverinstrument, spelt av Fogerty og Cook.

Albumet nådde toppen av salslistene i Australia og Noreg.

Innhald

Medverkande John Fogerty – vokal, sologitar, blåseinstrument, klaverinstrument, produsent, arrangør Doug Clifford – Trommer, perkusjon Stu Cook – bass Tom Fogerty – rytmegitar, utanom spor 13

Andre medverkande Ed Caraeff – fotografi og plateomslag Russ Gary – lydteknikar, miksing Kevin L. Gary – lydteknikar Steve Hoffman – lydteknikar

Lister Album Liste (1971)PlasseringAustralia Kent Music Report1Australske Top 20-album1Canada 100-album2Nederland Top 100-album2Noreg - VG-lista1UK Albums Chart 8US Billboard 2005

Singlar År Singel Plassering Pop Singles UK Top 40Januar1971"Have You Ever Seen The Rain"/"Hey Tonight"#8#36

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Pendulum (Creedence Clearwater Revival album)» frå , den 17. august 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:Creedence Clearwater Revival-album Kategori:Fantasy Records-album Kategori:Album produserte av John Fogerty Kategori:Album spelte inn i Wally Heider Studios