Jon Andrå () var ein norsk skulemann og politikar for Arbeidarpartiet.

Andrå var frå Drøbak, der far hans var skulestyrar. I unge år arbeidde Andrå ei tid som agent i livsforsikring.Folketeljing 1910 Han utdanna seg til lærar i Holmestrand, tok eksamen i 1914. Etter eit år som lærar på Tolga i Hedmark, var han lærar ved folkeskulen i Vardø frå 1916 til -33. I denne perioden var han eit års tid, 1919-20, i tillegg redaktør av avisa Finnmarken. Frå 1933 til 1948 var han styrar av Vardø folkeskule.

Andrå var ordførar i Vardø frå 1925 til 1930. Ved stortingsvalet hausten 1930 vart han vald inn på Stortinget for kjøpstadene i Nordland, Troms og Finnmark (Bodø, Hammerfest, Narvik, Tromsø, Vadsø, Vardø). Han vart attvald ved dei tre neste stortingvala og representerte altså Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1931 til 1949. Bolken 1946-50 var han ein av riksrevisorane.

Andrå var skuledirektør i Nordland frå 1948 til -58. Han vart tildelt Kongens fortenstmedalje i gull då han forlet direktørstillinga.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jon Andrå» frå , den 31. august 2013.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for byane i Nordland, Troms og Finnmark Kategori:Norske riksrevisorar Kategori:Ordførarar i Vardø Kategori:Ap-ordførarar i Finnmark Kategori:Norske redaktørar Kategori:Norske skulefolk Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Folk frå Frogn Kategori:Folk frå Vardø