mini|Hovudgruva på verket Folldal Gruver er eit bergverksmuseum som ligg i Folldal kommune i Innlandet. Det starta drift i 1748 og vart lagt ned i 1993. Det er i dag eit aktivt museum drive av Stiftelsen Folldal Gruver. I museet er det utstilling av aktiviteten frå tidlegare gruvedrift og informasjon om nasjonalparkane i området.
Området har kring 70 bygningar, gruvegangar og slagghaugar. Her er også merkte stigar, nasjonalparksenter, kafé og tilbod om overnatting.
Kjelder
Bakgrunnsstoff folldalgruver.no - Offisiell heimeside
Kategori:Folldal kommune Kategori:Tekniske og industrielle kulturminne i Noreg Kategori:Museum i Innlandet Kategori:Tusenårsstader Kategori:Olavsrosa Kategori:Skipingar i 1748 Kategori:Nedleggingar i 1993