Even Gottfred Benestad () er ein norsk filmregissør frå Grimstad. Han har studert ved Oslo Film og TV-Akademi og har produsert fleire dokumentarfilmar.

Karriere

Even Benestad fekk gjennombrotet sitt med dokumentarfilmen Alt om min far i 2002. Filmen handlar om regissøren sin eigen far, Esben Esther Pirelli Benestad, hans val om å leva som transvestitt i småbyen Grimstad og korleis det er for menneska rundt han. Filmen fekk svært god kritikk og vart løna med både Amandaprisen for beste norske kinofilm, Filmkritikerprisen og med å vera Noregs nominasjonsbidrag til Nordisk Råds Filmpris.

Neste film med regi av Even Benestad, Natural Born Star, kom ut i 2007. Her portretterer Benestad det turbulente livet til den italienske tidlegare filmskodespelaren Fred Robsahm. I 2011 stod Benestad bak filmen Pushwagner saman med August B. Hanssen. Denne vart til etter eit tre år langt samarbeid med popkunstnaren Terje Brofos, betre kjend som Hariton Pushwagner. Filmweb om Pushwagner Benestad har også regissert kortfilmane Tempus fugit (2009) og 300 sekunder (2011). Even Benestad på Imdb.com

Even Benestad har også spela ei lita rolle som seg sjølv i komedien Hjelp, vi er i filmbransjen frå 2011. I tillegg har han vore med Bård Tufte Johansen i ein parodi av sin eigen film, Alt om min far. Parodien fekk namnet «Alt om min onkel», og var med i ein episode av Uti vår hage i 2003. Alt om min onkel på Youtube

Filmografi

Alt om min far (2002) Natural Born Star (2007) Tempus fugit (2011), kortfilm Pushwagner (2011) 300 sekunder (2011), kortfilm Club 7 (2014), kortfilm The Earth is a Chili (2020), animert kortfilm

Kjelder

Profil på Filmweb.no

Fotnotar

Kategori:Norske filmregissørar Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Folk frå Grimstad