mini|Feda Feda er ein tidlegare kommune i Vest-Agder fylke, oppretta i 1900 og lagt ned i 1962. Området er no del av Kvinesdal kommune.
Kommunen femnde landet på begge sider av Fedafjorden, og hadde same utstrekking som Feda sokn. Kommunesenteret låg i strandstaden Feda der Fedaelva renn ut. Feda var i eldre tid tingstad for bygdene kring, og staden har vore kyrkjestad sidan mellomalderen.
Feda kommune grensa til Flekkefjord og Gyland i nord, Kvinesdal i aust og Lyngdal og Farsund i sør.
Kommunesoge Feda kommune vart skipa 1. januar 1900 ved at Feda sokn var skild ut frå Kvinesdal kommune (som då heitte Liknes) som eigen kommune. Ved opprettinga budde det 1090 personar i kommunen. 1. januar 1963 vart området saman med Fjotland kommune slege saman att med Kvinesdal. Ved nedlegginga budde det 576 personar i kommunen.
Referansar
Bakgrunnsstoff
kategori:Tidlegare kommunar i Vest-Agder Kategori:Historie i Kvinesdal Kategori:Norske kommunar skipa i 1900 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1962