mini|Austad kyrkje Austad er ein tidlegare kommune i Vest-Agder fylke, oppretta i 1909 og lagt ned i 1962. Området er no del av Lyngdal kommune.
Kommunen femnde området like vestom Lindesneshalvøya og det meste av han låg på halvøya mellom Rosfjorden og Grønsfjorden, og øyene like utom halvøya, der den gamle uthamna Korshamn ligg på Revøya. Han hadde same utstrekking som Austad sokn i Lister og kommune- og soknenamnet kjem frå garden Austad, der kyrkja for området ligg. Bygda der kyrkje ligg heiter òg Austad.
Kommunesoge Austad var frå innføringa av formannskapslovene i 1838 saman med Å og Kvås ein del av Lyngdal formannskapsdistrikt. Austad var eigen kommune i 53 år frå 1909. I 1963 vart Austad saman med Kvås og Gitlevågområdet i Spangereid del av den nye storkommunen Lyngdal.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tidlegare kommunar i Vest-Agder Kategori:Norske kommunar skipa i 1909 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1962 Kategori:Historie i Lyngdal Kategori:Geografi i Lyngdal