Tomter kyrkje er ei langkyrkje frå tidleg på 1600-talet i Indre Østfold kommune i Østfold. Dateringa er uviss, men kyrkja vart vøla i 1627 «... Inden Vdj Med 5 større Bielcker, effter som dend var standen paa fald.»Sitert i Norges kirker. Vesttårnet vart truleg oppført i 1854. Kyrkja vart omfattande restaurert i 1949–50 og har òg vorte restaurert på 2000-talet.
Kyrkjegarden rundt kyrkja er ikkje stor, men det er ein større kyrkjegard eit par hundre meter lengre nordvest, nord for fylkesveg 207.
Litteratur
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Sigrid og Håkon Christie: Tomter kirke i «Norges kirker» Kyrkjesøk – Tomter kirke
Kategori:Kyrkjer i Indre Østfold Kategori:Kulturminne i Indre Østfold Kategori:Norske kyrkjer frå 1600-talet Kategori:Langkyrkjer i Borg bispedømme Kategori:Kyrkjer i Vestre Borgesyssel prosti Kategori:Freda bygg i Østfold