Røa kyrkje ei langkyrkje frå 1939 i Oslo kommune. Det er om lag 300 sitjeplassar i sjølve kyrkjesalen og 200 i salen for kyrkjelyden, som står vinkelrett på kyrkjesalen. Kyrkja kan altså kallast ei slags arbeidskyrkje.
I staden for altartavle har kyrkja eit høgt vindauge med glasmåleri på fondveggen i koret. I byrjinga vart veggen oppfatta som for naken, og i 1964 vart han måla mørkeblå i 1964 etter planar av Finn Krafft. I etterkant er det delte oppfatningar om resultatet.
Det er ikkje kyrkjegard ved kyrkja. Den næraste kyrkjegarden er ved Voksen kyrkje.
Fotnotar
Litteratur
Bakgrunnsstoff Røa kyrkjelyd Kyrkjesøk – Røa kirke
Kategori:Kyrkjer i Oslo Kategori:Kulturminne i Oslo Kategori:Langkyrkjer i Oslo bispedømme Kategori:Kyrkjer i Vestre Aker prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1939