Ivar Aasen-feltet er eit oljefelt i Nordsjøen. Olje- og Energidepartementet kunngjorde den 10. september 2012 at funnet 16/1-9 Draupne vart gjeve feltnamnet «Ivar Aasen-feltet». Feltet vart kalla opp etter språkforskaren Ivar Aasen.

Plan for utbygging og drift (PUD) for feltet vart godkjend den 22. mars 2013, og produksjonsstart er planlagd seint i 2016.

Det norske oljeselskap er operatør for feltet. Planen er at feltet skal byggjast ut med ein oljeplattform som skal knytast til Edvard Grieg-feltet. I tillegg er dei to oljefunna 25/10-8 Hanz og 16/1-7 West Cable planlagt produsert via plattformen på feltet.

Kjelder Olje- og energidepartementet: Fakta 2013 Norsk petroleumsverksemd Draupne får namnet Ivar Aasen Oljedirektoratet: All&nav3=23384520 Faktasider

Referanser

Kategori:Norske olje- og gassfelt