Hamnsund kyrkje er ei langkyrkje frå 1875 i Haram kommune i Møre og Romsdal fylke. Byggverket er i tre, har 350 sitjeplassar og galleri.Alf Henry Rasmussen (red.): Våre kirker - norsk kirkeleksikon, Vanebo forlag 1993, side 297, ISBN 82-75-27022-7 Historie Bebuarane i dei grendene i Borgund sokn som låg nord om Grytafjorden, hadde to, ofte verharde fjordar, å krysse for å kome seg til kyrkje. Vatne kyrkje vart reist i 1868. Dei gardane langs Grytafjorden som låg nærast denne kyrkja, søkte i 1869 om å verte overflytta dit. Dei fekk avslag, men i 1870 vart det vedteke at det skulle byggast eit kapell i Hamnsund.Øystein Ekroll og Per Eide: Sunnmørskyrkjene - historie, kunst og arkitektur, Bla AS, Larsnes 2012 side 363, ISBN 978-8293273-00-4 Kyrkja Arkitekt for kyrkja var byingeniør Hagbart Brinchmann Ålesund. Byggmeister var Knut Stokkeland, Vestnes.
Ein kristusstatue på altaret er ein kopi av Bertel Thorvaldsens Kristus som står i Vor Frue kyrkje i København.
Kyrkja har ein døypefont i tre og orgel frå Vestre orgel- og pianofabrikk.
I 1957 vart kyrkja påbygd og utvida.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Haram Kategori:Norske kyrkjer frå 1875 Kategori:Kulturminne i Haram Kategori:Kyrkjer i Nordre Sunnmøre prosti