«My Ship Is Comin' In» er ein song skriven av Joey Brooks som den første songen for den amerikanske soulsongaren Jimmy Radcliffe i 1965 og vart sidan spelt inn og gjeven ut av den amerikanske popgruppa The Walker Brothers som den fjerde singelen deira same året. Songtittelen vart endra til «My Ship Is Coming In». Akkompagnementet vart dirigert av Ivor Raymonde.

«My Ship Is Coming In» var ein stor hit for gruppa og låg 12 veker inne på UK Singles Chart med ein tredjeplass som høgaste plassering i januar 1966 og ein 63. plass i USA på Billboard Hot 100. «You're All Around Me» var B-sida og er den andre songen som er tilskriven Scott Walker (som Scott Engel). Denne songen var òg gjeven ut på debutalbumet Take It Easy with The Walker Brothers.

Innhald

Kjelder Denne artikkelen bygger på «My Ship Is Comin' In» frå , den 27. september 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1965 Kategori:Singlar frå 1965 Kategori:The Walker Brothers-songar