Aiguille des Grands Charmoz er eit 3 445 m høgt fjell i Mont Blanc-massivet i Dei franske Alpane. Fjelltoppen ligg på same fjellegga som grannetoppen Aiguille du Grépon.

Ei gruppe på seks franske klatrarar; H. Dunod og P. Vignon, saman med fjellførarane François Simond, F. Folliguet, G. Simond og J. Desailloux, nådde toppen den 9. august 1885.

Nordveggen på fjellet er ein av dei vanskelegaste fjellveggane i Alpane. Denne vart fyrste gongen klatra til topps av tyskarane Willo Welzenbach og Willy Merkl. Dei la ut faste tog i nedre del av fjellveggen den 30. juni og 1. juli 1931, for så å ta oppatt klatringa den 4. juli. Den 9. juli nådde dei til topps.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Aiguille des Grands Charmoz» frå , den 29. september 2013.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Frankrike