Idse skipreide (dessutan kjend som Idsø og Eiðsa) var ei av skipreidene i Ryfylke, med namn frå øya Idse.Arkivverket: Matrikkel 1838
Geografisk område etter gammal inndeling: Strand sokn sør for Hidle, Tau mølle, Tauåna, Krossvatnet, Bjørheimsvatnet og Østrehusvatnet. Høle sokn aust for Høgsfjorden (som 1852 vart utskilt som Forsand sokn) og nord for Mæle og Kleppa.
Geografisk område etter noverande inndeling: Strand kommune sør for Hidle, Tau mølle, Tauåna, Krossvatnet, Bjørheimsvatnet og Østrehusvatnet. Forsand kommune unnateke Mæle og Kleppa.
På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet og Idse skipreide vart nemnd Idse tinglag. Etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene: 1841 vart Idse tinglag oppløyst og erstatta av Høle tinglag og det nye Strand tinglag.Norges folk og land
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Kart over Rogaland med skipreidene innteikna (frå Norsk historisk leksikon)
Kategori:Skipreider Kategori:Geografi i Strand Kategori:Historie i Strand Kategori:Geografi i Forsand Kategori:Historie i Forsand Kategori:Geografi i Sandnes