Jelsa (Jalsa, Jelsø) skipreide var ei av skipreidene i Ryfylke.Arkivverket: Matrikkel 1838

Geografisk femna ho om ytre delane av noverande Suldal kommune, eller nøyaktigare: Jelsa sokn (unnateke gardane Buer, Nårstad og Vatland på Ombo), medrekna Erfjord sokn som vart utskild først 1877 Sand sokn (unnateke gardane ved Hylsfjorden og Saudafjorden) dei delar av Imsland sokn som låg sør for Vindafjorden, men frå 1965 høyrer til Jelsa sokn

På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet og Jelsa skipreide vart nemnd Jelsa tinglag. Etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene, og frå 1841 var Jelsa tinglag identisk med Jelsa sokn (og den seinare utskilde Erfjord sokn).Norges folk og land

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Kart over Rogaland med skipreidene innteikna (frå Norsk historisk leksikon)

Kategori:Skipreider Kategori:Geografi i Suldal Kategori:Historie i Suldal